tirsdag 18. desember 2012

Travelt, hektisk og i overkant spennande desember!!

En høst som kom og gjekk, i full fart!  Her et lite glimt fra mitt vesle salgsbord under julemessa ... ikkje alt som forsvant men litt salg blei det - så eg er fornøgd eg :o)    Det var skikkelig kaldt heile den veka som messa var åpen, kanskje det var derfor salget av deilige sokkar og vottar var "tingen" i år  ;o) 

Og foruten julemesse og forberedelsar til den så har eg brukt lang tid på å flytte på sy-rommet mitt !  Eg har no fått adskillig større og bedre plass på loftet ;o)   Blandt anna kjøpte eg ei benkeplate som er blitt maskinbord,  bordbeina er kjøpt via lager og er heldigvis av typen heve/senke! Tenker at på litt sikt skal eg få mannen i mitt liv til å lage ei slik smart hylle under, slik at maskina kjem i plan med bordflata 

Noko stoff ..

Her er skjærebordet mitt, kontorsjefens avlagte kjøkken-bord har fått ei ny oppgave og ett lenger liv og slipper unna bålet..(og noken eg kjenner må snart ta ansvar og rydde litt, her og, jadda eg veit!!  )
Radio må en også ha - eg er veldig glad i litt selskap og musikk til arbeidet ;o)

Og her er dokke-Lise.  Ho sat så fint på ett av salgsbordene på julemessa og sa "her er eg" når eg gjekk forbi...ho berre måtte få bli med meg. Eg veit heilt garantert at eg ikkje kjem til å sette igang å strikke dokke sjøl...også har eg nokre små venner på besøk innimellom , som set stor pris på slike.   Ho sit og ventar i glas-karmen ;o)

Og når sy-rommet er på flytte fot og ting tar tid så må , iallefall eg , finne på andre ting. Og når yngstejenta kjem med et stort ønske om Marius genser, fordi alle andre har og det ellers tar seg fint ut i skibakken (hennes ord.. hehe) ja, så blir det en slik.  De var faktisk tom for mørkeblå alpakka då me var på butikken, derfor vart fargevalget lilla med litt grått på toppen..om ikkje så lenge ;o)

Denne har eg faktisk strikka for andre gong..   Eg klarte å rive den opp og det ergra meg slik at eg valgte å rekke opp alt garnet og begynte å nytt....det var jo for dumt å kaste den når garnet var like godt, egentlig, og det er jo kjekt å kunne bruke genseren! - den er jo relativt lett og kjapp og strikke også ;o)   Når ønsket om Marius kom, så vart denne lagt tilside ...men skal nok bli ferdig til jul denne og' ... hehe  :o)

MEN DET STØRSTE AV ALT!!

Og det aller mest spennande i desember ,skjedde på sjølvaste Lucia - kvelden.... Då vart eg stolt mormor til ei bitte lita prinsesse!!       
Mor fekk desverre svangerskapsforgiftning og babyen blei forløst med keisersnitt, 2 mnd for tidlig. Alt ser heldigvis ut til å gå heilt fint med begge to, det er me uendelig takknemlige for.
Og det gjer jo også til at eg ser for meg mange hyggelige stunder ved symaskina etter nyttår ...for ei slik lita treng jo både pynte tepper til vogna og etterkvart krabbe teppe til golvet ..og og ... Gler meg ;o)
Skrytebilde får heller komme seinere :o)
 

Eg har ikkje vore så aktiv på blogg-sida i høst, men eg var innom Hanne si side og meldte meg på hennes give away - og jammen var eg så heldig å vinne og! Tusen, tusen Takk Hanne, det var en hyggelig og fin gevinst å få no i førjulstida ;o)

Er de ikkje enige kanskje... hehe  ;o)   Dette er eitt av bildene på stoff-panelet eg fekk frå Hanne. Trur kanskje dette passer godt utenpå ei quilte-veske etterkvart ;o)

Tida går, det er berre eitt lys att...  Eg håpar du har ei fin og rolig tid og riktig kosar deg med advent og forberedelsar

Foresten, er det nokon som veit kvifor blogger er dansk?




 

torsdag 8. november 2012

Hjerteputer

Kjenner du den nye gruppa på facebook "oss sydamer imellom" ?   Sida der vi kan diskutere og høyre med andre kva dei ville prissatt ett produkt til.. Det er ikkje alltid like lett å vite kva som er "rett" pris på det vi skal selge
men også rom for å dele tips, gi råd, spørre, ja; rett og slett dele det man måtte ha på hjertet når det gjelder sying ;o)  

lørdag 3. november 2012

En anbefaling ;o)

Ta deg tid til å besøke Ingunn si side - Ho inviterar til en give away med fine premiar men først og fremst vil eg anbefale deg en rundtur på bloggen hennes og legg deg gjerne til som følger også - det er ei flink og inspirerande dame ;o)   Det var ho som først viste meg den store fine blogg verda og inspirerte meg til sjølv å starte mi side!
- trekking 1.desember

Tilbake!!

Allerede er det leeeenge sida vestlandstreffet!  Tida går så fort når en er opptatt på ulike hold! Her kjem litt av det eg fekk være med på på årets kurs. Eg syntest det var enklast å sy "steinar"  men på bilde under ser du at eg prøvde meg på noko som skulle være en form for løkker også  :o)


Helle :  En super lærar og mentor, full av inspirasjon og glede ;o)    Det er ikkje alltid at eg får gjort så mykje når eg deltar på desse vestlandstreffa/kursa men det er noko magisk med ei slik helg  -  eg må ha med meg opptil fleire butikk rundar og også besøke dei andre kursa. Det gir verkelig energi-påfyll til gå imøte med ein kald og mørk vinter!! 

Hugsar de ? Anna frå øigarden og bunadspolitiet... ;o) Tusen takk til Voss Quiltelag for ei flott helg og eit supert revy innslag !!!

søndag 30. september 2012

Forberedelsar pågår ..

Neste helg skal eg på vestlandstreffet og forhåpentlig lære meir om quilting med stoppefoten og då treng ein prøvelappar... eg får vel inrømme at eg har vore på quilt/stoppefot kurs tidligare men eg prøver igjen... for en skal ikkje gi opp .. og kurs, butikkar og ikkje minst stemning er herlig energipåfyll :o)  
og her er ett par litt finare prøvelapper - for dei som kjenner mønsteret kan eg sei at læraren for kurset er Helle Løvenskiold.  Tenkte eg skulle lage en juleløpar også i løpet av veka - greit å ha fleire objekt å øve seg på... Gler meg ;o)

Og her ett par nye grytelappar til hybel buaren vår. 

- Velkommen til nye følgere , det er stas!   Ønsker alle ein flott søndag og ei super veke ;o)

tirsdag 25. september 2012

Tusen, Tusen millionar Takk !!

Til Sylke for ett godt råd da eg spurte! I mangel av mulighet til å gi deg en ordentlig bukett så får det bli ein virutuell takk og helsing.  Det gjekk heilt fint å gjere slik du foreslo ;O)     

No er den kvite "borda" på plass og eg har også funne fleire gode tips til korleis eg skal koma meg vidare med teppet mitt så eg etterkvart kan bli ferdig :o)   
- ønsker all ei fabelaktig flott september veke

tirsdag 18. september 2012

Idag har eg vore HØGT OPPE !!!

Dette har lite og ingenting med håndarbeid å gjere men eg må berre fortelle :
 Idag har eg vore på ekskursjon til byggeplassen for Hardangerbrua. Vi har vore der ein gong tidligare så det var stas å få lov å komme inn på anlegget ein gang til :o)

Eg er ingen mester med fotoapparatet men her ser du litt av høgden til bru tårnet (Bu platået) dei ragar heile 200 meter over vannflata så det du ser her er knapt halve høgden. Leiderane (eller kva dei no heiter!) som me gjekk på og som held brutårnet fast til grunnen i forkant(sjå også bildet over)  - eg slit litt med å få fram dimensjonane men dette er ikkje småtterier...

Her er nokre av oss på veg oppover....Eg var del av første gruppe - og det var litt spennande om eg ville "tåle" desse høgdene men det gjekk heilt fint! Me fekk desverre ikkje gå heilt opp til bru tårnet fordi dei held på å klargjere til veg-banen som snart skal monterast 

Det er jo ikkje så lett å få på fram kor høgt me var men guiden vår meinte me kunne "skilte" med ei høgde på ca 150 moh.. 
Det var trygt og fint å gå/klatre seg oppover - det verste var igrunn at me var mange som gjekk samtidig og derfor var bevegelsane veldig merkbare; hengebru følelse..... !

Og hvilken utsikt! Me var vel egentlig heldige med været enn sålenge det ikkje regna ein einaste dråpe...og sola skein sågar ned igjennom sky dekket (såvidt!) 

Og rett etterpå ser vi ei regnbyge borte ved "krysset" mellom  Kinsarvik og Utne - No skal det seiast at det ikkje opplevdes så mørkt i været men med litt motlys så vart bildene mørke...

Og her er ett bilde av første vei biten ...iflg BT kjem resten i løpet av få dagar. Guiden fortalde det var berekna 4 veker før dei hadde fått på plass alle modulane.

Og til sist eit lite oversiktsbilde.
Gjett om me gler oss til denne står ferdig neste sommar og me kan reisa fritt uten å tenke på fergetider (og fartsbøller som er seint ute til neste avgang ..)


 Eg har tenkt mange gonger at eg skulle teke eit bilde på kveldstid - eg syns den er fin når den lyser opp over fjorden - men det får bli i eit anna innlegg seinare kanskje ;o)

- og no er det tilbake til nål og tråd, ønsker alle en fin-fin ettermiddag :o)

søndag 9. september 2012

Endelig tid for søm igjen :)

Her er mitt forslag til glidelåspynt, for den fiske interreserte !!
 Litt feil rekkefølge på bildene denne gangen ;O)  

Og her er hele toalettveska, håpar at mottaker blir fornøyd og har slitt ut sin forrige ( eg har ikkje sjekka om han treng ei ny  ..  hehe)  ...uansett så skal han på cruise og feire sin 75 års dag sammen med kjæresten og vi ønsker en fin tur!


Det er Mona på quiltekroken i Bergen som er utgiver av mønsteret - eg kjem stadig tilbake til dette når det gjeld toalettvesker...;o)
Lommer må man ha, her på begge sider og delt i to. 

Og her er ett av mine nye prosjekt...i mitt overmot så kom eg til å bestille denne BOM'en - eg har en vegg som eg tenkte skulle pyntes litt... 

- men korleis i alledager skal en få fine bogar ? Eg forstår eg må ta ein og ein i gongen men har du ett tips om korleis du løyser slike utfordringar det så blir eg overlykkelig over å høyre i frå deg!

- og som mange andre falt eg også for den fine jule-bom'en til Ann - gler meg til å sjå den ferdig!

Det har vore travle dagar med kursing og lita tid til søm og hygge-tid i blogglandia men no skal eg "ta en runde" og gleder med til å sjå kva de andre held på med ;O)


Ønsker ALLE ei flott og "sømmelig" veke 

torsdag 16. august 2012

Kombi ferie og snope-tur !!

Då er eg heime igjen - har hatt en skikkelig snope-runde .. hehe ;o)  Har vore innom både åse og rigmor,quiltekroken,stoff & stil og trapp ned... så har dei som er kjent på vestlandet eit bilde av mi køyrerute :o)

Av desse har eg planar om toalettvesker - eg er så glad i mønsteret til Mona på Quiltekroken! Har sydd mange - dei rommar alt ein treng ta med på tur ... og litt til :o)

Noko fint til jul?

Nok ei toalettveske! Kjenner en hyggelig kar med "rund dag" og som er glad i å reise...og håpar at han har slitt ut si gamle og treng ei ny til turen ;o)   Og sida han er så glad i å fiske fann me på å kjøpe ein krok som skal være glidelås-pynt ... så får me sjå kva meir me skal finne på etterkvart ;o)

Tenker dette skal bli ei ny Wallenborg -veske

Det skal ikkje stå på det - eg blir ikkje arbeidslaus med det aller første - og gler meg til å begynne  :-D

Håpar alle har hatt fine ferie dagar og er klar for høst og levande lys - er ei herlig tid det også

mandag 6. august 2012

En eplekasse har dukket opp !!





Veldig lenge har eg gått og tenkt at eg skal lage meg en "eplekasse" og endelig er den ferdig ;o)
 Eg har sjølsagt brukt mønsteret til Myquilt nr 3 frå 2011

ikkje verdens finaste saum men veldig søte knappar .. *knis*
 Om eg hugsar rett er stoffet kjøpt på Hawthorne threads for ei lang tid tilbake...

Innvendig "måtte" den være eplegrønn - eg er veldig glad i dette stoffet !  Og slik kan den brukast : tenker eg skal fylle den med ting og tang som kan selges, etterkvart ;o)




Håpar at alle har fine sommardagar endå - til tross for at det er kjøligare og noko meir fuktig enn en skulle ønske seg  ;o))  

 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Populære innlegg