søndag 17. november 2013

Litt om kva eg puslar med ..

Litt november stemning med hekla trekk til syltetøyglassa 

Eg fekk ett tips om å benytte hyssing som garn! Hadde egentlig ikkje heilt trua på det men måtte prøve - litt "trått" var det men det gjekk egentlig veldig fint  :o) 

Min variant vart ein vegg -løpar !  
Foreløpig heng den på døra men skal opp på veggen som en erstatnig der jentene sin julekalender i alle år har vore.  Det blir så tomt uten  ;o) 


Også har eg lage ett nytt kjoleliv og nede-kant til Maya ....  mamma'en hennes har hjulpe meg mange ganger så der var bare moro å gje ei hand tilbake når ho ikkje var så trygg på hekling. Den skal etterkvart få ei skjørtekappe i turkis  ;o)





Ellers ser eg at mange er i full gang og kanskje også ferdig med årets julemesse/ -er , jammen har de vist fram mykje fint!   Håpar de opplever ett strålande salg !! 

tirsdag 1. oktober 2013

No er det ordentlig lenge sia eg har vist fram noko som helst - sånn vart det no med den saken men ..


... det betyr ikkje, at eg ikkje har kost meg med håndarbeid ;o)


     Sommaren, for kanskje 15 år si, tida går fort.. kom nabo dama nedom og erklærte at "nå skal vi hekle vårs" en topp - dette ble min "svenneprøve" i hekling og toppen vart så mykje brukt at den vart utslitt .. eg var veldig glad i den, så i sommar har eg laga ein til - det er berre sååå behagelig å ha på en bomullstopp når det er varmt   :o)  Og når eg først var i gang med heklenåla så vart det enda en topp og sjølsagt desse flotte sommarkjolane til Dale, eg har to til som venter på montering og det vart jammen tid til ei strikkejakke til ho på åtte "til slutt".......


Ei god venninde lurte på om eg hadde konvertert til "pinner" .. men neida, har mange planer for søm i høst og vinter ;o)


Og sist men ikkje minst så har eg vore på kurs; Andrè Wallenborg sin weekendbag (den blå er allerede på tur til Barcelona denne veka sammen med min yngste datter) ..veske nr to skal snart på tur og den tredje veska er under planlegging :o)  
De har en utrulig passelig og god størrelse!

Jakta på gode gardin-stoffer er i gang! Kjenner du nokon som har meir av det blå ...så kjøper eg gjerne ei lengde av det ;o)) Ta kontakt!!


Eg ser at det er kommet til fleire følgere sidan i sommar; Velkomne ;o)  

Heilt på slutten av kurs-helga så ville ikkje symaskina mi meir - men maskin må en ha 
  -  så no koser eg meg med denne ny innkjøpte hærligheten!




- og tenker at me skal bli veldig gode, nære venninner ;o)




 
Ønsker alle som er innom ei super-duper veke, kanskje har du høst ferie og ekstra tid til søm? 

mandag 20. mai 2013

Gosja meg ..for liten, uæhh

Eg var såå sikker på at den skulle være stor nok til også å dekke hjørnene!!  Bordet vart kjøpt i fjor men pga dårlig vær så vart det ståande umontert i garasjen - fram til no når det vart så flott pinse vær - og då måtte eg jo prøvelegge sommarduken der...   kanskje det ville vore bedre med to mindre brikker... !?  Hmm...  No skal eg i alle fall kose meg med lukkekanten - eg er sikkert litt "rar" men eg likar godt å sitte med slikt arbeid eg ;o) 
Du kjenner sikkert att mønsteret til Annaka: sommerblomster  :o)


Men eg har ikkje berre sydd - det var godt å ta fram strikkepinnane og  - dette hefte er verkelig en inspirasjon :o)

En tunika, ca størrelse  6/9 mnd  - det var nok med to nøster. Eg har valgt å strikke i mandarin petit/bomull. Fargen er egentlig meir blå grønn enn kva bildet viser....
- eg fann ikkje "riktig" rosa så då vart det denne ;o)

og ja ... eg har prøvd meg på en slik eg og' - det blir nok fleire seinare :o)
Kjekk  å sy!

Og mens eg har holdt på med mitt inne, så har mannen fått fin været som skulle til for å få på terrassebeis på utegolvet.   
Så no er me klare for en fortreffelig sommar..  skal berre få på plass alle stolane, bordet og litt pynt  :o))

Vel overstått nasjonaldag og pinse alle sammen !!   

lørdag 11. mai 2013

Tenk at..

.. eg skulle være så heldig å vinne i Lisasol sin trekking - og attpå fekk eg lov å legge inn ett ønske om utforming :o) 
Tusen TAKK - likte den kjempegodt og den er allerede i bruk!!

Eg har venta på en fin sol-dag for å ta bilde men den lar vente på seg ... (det har rett nok vore en sol dag men då var eg på jobb..)
Du finn mange fine bilder på Lisa sin egen blogg, både av denne og alt det andre fine som ho lagar !

Og mens sol og varme fortsatt uteblir så står blomane i yttergangen og ventar

ett kjipt liv på sko-hylla ...

- ønsker alle lesarar fine vår dagar ;o)

søndag 14. april 2013

To helger på rad ..

...har eg vore invitert til å sy sammen med veldig trivelige jenter!  For å komme seg litt fri frå kvardag og krav så samlast ein gjeng jenter for å sy ei heil helg , i Kinsarvik - dette begynte dei med for omtrent 5 år sida og kvart år er eg så heldig å bli invitert med  ;o)     .. og her er Ingunn i sving med si "klara veske"


Her ei oversikt over første helg's produksjon -  sjøl fekk eg låne og prøve curver linjalen og linjalen var super men vart ikkje heilt fornøgd med løparen lell '.. men egen linjal er planlagt innkjøpt!... Likte veldig godt dei fargerike og vårlige bildene som heng på sofaryggen, her brukte dei garn som er lagt "tilfeldig" og litt tyll over og deretter frihåndsquilting og vips ett flott bilde  ;o)

Og her er halvdelen av den andre tutto banden ;o)  For jammen meg så vart det slik i år at dei kom kvar si helg.....   

Her ser du begynnelsen på Mona sin duk i advent fargar, ein sommarløpar og ein sjølkomponert liten løpar til bursdagpresang,  til ei som er glad i lilla.

Her er ein weekend bag, sydd etter Julie Kvamme sitt mønster i Quiltemagasinet 3/2012
Denne vart akkurat passe stor !! Det er søster mi som har sydd...eg trur eg skal prøve å få sydd ein liknande  ..om litt...hehe.    (fryktelig dårlig fargegjengivelse ettersom den er heilt svart ...)  

 

Og til slutt må eg vise dette knallsøte vognteppet, Baby lykke av Runa M ! Eit til vart sydd, i blått, og det er  minst like skjønt :o) Eit ukjent mønster for meg men ikkje heilt nytt så det er sikkert mange som både kjenner det att og som har sydd ett maken ;o)


Sjøl har eg putla på med Bente Malm si "Jenny"  ..    eg har bestilt meg en skinn hank til denne og må nok vente til ut i neste veke før den kjem ...men eg har god tid eg, så det går bra  ;o) 

Og ellers så har eg litt håndsøm som eg tek fram litt av og til :o)  
 

onsdag 27. mars 2013

Riktig God Påske til alle !!!

Her om dagen var eg så heldig å vinne dette flotte påske egget  ;o)  
Det er laget av min flinke, kreative nabo og kollega Ingvill og må vises fram for endelig... 

... er det litt påske-fri for meg også..
og sjøl om det blir heime påske på oss så skal vi no kose oss 'lell   ;o)

Ønsker alle mine besøkende en alldeles fortryllende og strålende flott påske !!    

lørdag 23. mars 2013

PIF - pay it forward

Då er eg i "havn" når det gjelder min PIF utfordring ;o)
 
Eg må sei at eg lurte lenge på kva eg skulle finne på, eg ville gjerne at det skulle være noko som ikkje alle har mønster på i utgangspunktet. Og så kom eg på det: Då eg var lita hadde mine besteforeldre ei fin lita "bok" til blokka si.
Til å skrive handlelapper på før turen gjekk til "bua" som det var den gang... *mimre*
 
No var min mormors riktig så forseggjort i gyldenlær ... det er ett fag eg på ingen måte kan... så då fekk det holde med stoff og søm.
Mønsteret hadde eg fått tak i for lenge sia men det var gått heilt i gløymeboka... her kan du få tak i det samme om du ønsker.
Den er akkurat litt større enn ei slik kladdeblokk og passer like fint i veska som på kjøkkenbenken.
 
Til sist så ønsker eg "mine tre vinnere" lykke til med å holde leiken igang videre ;o)
Besøk gjerne deres blogg og meld deg på !!
 
Det har vore kjekt å være med ;o)

søndag 24. februar 2013

Et hekla bestemorteppe

for å holde på varmen ..og ett vognteppe er klart for overlevering.  Jenta vår som kom for tidlig og egentlig skulle være født omtrent i disse dager ... eg får skylde på det når eg ikkje vart ferdig med arbeidet til ho kom  ;o)




11*11 = 121 stk små bestemor ruter som har satt min tolmodighet på prøve ...men no er siste tråden festa !!   Da vi hørte om babyen som skulle komme viste vi selfølgelig ikkje om det skulle være rosa eller blått..så da ble det heilt nøytralt med beige og kvitt - litt kjedelig til bestemorsruter å være men varmt og godt med ull ;o)
( No er det klart for neste ufo som skal fullførast ...har mange enda som treng litt omsorg og omtanke )
Hos oss er sola nettopp kome tilbake etter en lang og mørk vinter - det er stas det  <3 font="">
Ønsker alle ein flott søndag og ei super vinterferie-veke , for dei som er så heldige  ;o)

lørdag 9. februar 2013

Kuuule Rock votter !!

Vår yngste datter går musikklinja ved Voss gymnas - og hovedinstrument er piano og det andre er gitar : så kva kunne passe bedre enn rock vottane til Jorid  ;o))
(Eg har rett nok ikkje strikka dei sjølv ...eg er så opptatt med andre ting ..og skulle dei verta ferdige i år ..osv..men eg måtte syna dei fram her på bloggen :o)  )

Innside med dei populære hovudskallane ...

Også ble det ett par til kjæresten, som går i samme klasse og er veldig flink på gitar ;O)
Så no håpar eg begge slepp fryse på hendene på kalde Voss ...brrr !
- Ynskjer alle ei fabelaktig helg !!

søndag 3. februar 2013

På tide å blogge litt igjen ..

Ett lite tilbakeblikk på året som var ... Det er igrunn litt hyggelig å sjå seg tilbake via bloggen og bildene ;o) Det vart ett travelt år som "enda" med strikkepinnar og baby-lukke ... og lite søm egentlig.... men nytt år og nye muligheter vil trulig gi mange fine timar med håndarbeide også.
Det har gått "trått" med blogging sidan november men eg ser eg har fått fleire følgarar og mange besøk likevel.
Velkommen til de som er nye ;o)



Her tenkte eg berre å vise vårt fargevalg på den alltid like populære marius genseren - den vart ferdig på berre nokre få veker - heilt ulikt meg!   Men det var også samtidig starten på en periode med berre strikkepinnar .. snart skal eg vise den tredje genseren...   - det har gått utrulig fint å strikke, ofte så får eg seneverk og arbeidet vert lagt til side men ikkje i år og glad er eg for det ;o)

og her er halskanten på genseren eg strikka "om igjen" - berre for å vise at eg vart ferdig .. ;o)

Og ikkje minst :  Vogn teppet eg har jobba med no etter nyttår. Dette er sydd etter Wenche (northern quilts) si oppskrift som står i siste quiltemagasinet 2012.  Eg har lurt litt på korleis eg skulle gjere når eg skulle lage vognteppe...det er mange flotte mønster å velge i - noko meir tidkrevande enn andre .. Eg fekk tak en pakke charm blocks, str 5*5"  i Moda sine stoffer frå Little black dress - eg synes dei er så fine - og sida vogna også er svart ...  ;O) 
Eg har brukt tjukk ull vatt så det skal lune godt på kalde dagar.
Sjølve bildet ser nesten ut som det er i svart kvitt men er det ikkje - eg er ikkje nokon mesterfotograf ... ;o)

Og babyen vår er blitt stor og har fått komme heim til storesøster,mamma'n og pappa'n sin  .. og skal snart ut å gå tur i
sola og våren !!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Populære innlegg