torsdag 16. august 2012

Kombi ferie og snope-tur !!

Då er eg heime igjen - har hatt en skikkelig snope-runde .. hehe ;o)  Har vore innom både åse og rigmor,quiltekroken,stoff & stil og trapp ned... så har dei som er kjent på vestlandet eit bilde av mi køyrerute :o)

Av desse har eg planar om toalettvesker - eg er så glad i mønsteret til Mona på Quiltekroken! Har sydd mange - dei rommar alt ein treng ta med på tur ... og litt til :o)

Noko fint til jul?

Nok ei toalettveske! Kjenner en hyggelig kar med "rund dag" og som er glad i å reise...og håpar at han har slitt ut si gamle og treng ei ny til turen ;o)   Og sida han er så glad i å fiske fann me på å kjøpe ein krok som skal være glidelås-pynt ... så får me sjå kva meir me skal finne på etterkvart ;o)

Tenker dette skal bli ei ny Wallenborg -veske

Det skal ikkje stå på det - eg blir ikkje arbeidslaus med det aller første - og gler meg til å begynne  :-D

Håpar alle har hatt fine ferie dagar og er klar for høst og levande lys - er ei herlig tid det også

mandag 6. august 2012

En eplekasse har dukket opp !!





Veldig lenge har eg gått og tenkt at eg skal lage meg en "eplekasse" og endelig er den ferdig ;o)
 Eg har sjølsagt brukt mønsteret til Myquilt nr 3 frå 2011

ikkje verdens finaste saum men veldig søte knappar .. *knis*
 Om eg hugsar rett er stoffet kjøpt på Hawthorne threads for ei lang tid tilbake...

Innvendig "måtte" den være eplegrønn - eg er veldig glad i dette stoffet !  Og slik kan den brukast : tenker eg skal fylle den med ting og tang som kan selges, etterkvart ;o)




Håpar at alle har fine sommardagar endå - til tross for at det er kjøligare og noko meir fuktig enn en skulle ønske seg  ;o))  

 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Populære innlegg