mandag 20. mai 2013

Gosja meg ..for liten, uæhh

Eg var såå sikker på at den skulle være stor nok til også å dekke hjørnene!!  Bordet vart kjøpt i fjor men pga dårlig vær så vart det ståande umontert i garasjen - fram til no når det vart så flott pinse vær - og då måtte eg jo prøvelegge sommarduken der...   kanskje det ville vore bedre med to mindre brikker... !?  Hmm...  No skal eg i alle fall kose meg med lukkekanten - eg er sikkert litt "rar" men eg likar godt å sitte med slikt arbeid eg ;o) 
Du kjenner sikkert att mønsteret til Annaka: sommerblomster  :o)


Men eg har ikkje berre sydd - det var godt å ta fram strikkepinnane og  - dette hefte er verkelig en inspirasjon :o)

En tunika, ca størrelse  6/9 mnd  - det var nok med to nøster. Eg har valgt å strikke i mandarin petit/bomull. Fargen er egentlig meir blå grønn enn kva bildet viser....
- eg fann ikkje "riktig" rosa så då vart det denne ;o)

og ja ... eg har prøvd meg på en slik eg og' - det blir nok fleire seinare :o)
Kjekk  å sy!

Og mens eg har holdt på med mitt inne, så har mannen fått fin været som skulle til for å få på terrassebeis på utegolvet.   
Så no er me klare for en fortreffelig sommar..  skal berre få på plass alle stolane, bordet og litt pynt  :o))

Vel overstått nasjonaldag og pinse alle sammen !!   

lørdag 11. mai 2013

Tenk at..

.. eg skulle være så heldig å vinne i Lisasol sin trekking - og attpå fekk eg lov å legge inn ett ønske om utforming :o) 
Tusen TAKK - likte den kjempegodt og den er allerede i bruk!!

Eg har venta på en fin sol-dag for å ta bilde men den lar vente på seg ... (det har rett nok vore en sol dag men då var eg på jobb..)
Du finn mange fine bilder på Lisa sin egen blogg, både av denne og alt det andre fine som ho lagar !

Og mens sol og varme fortsatt uteblir så står blomane i yttergangen og ventar

ett kjipt liv på sko-hylla ...

- ønsker alle lesarar fine vår dagar ;o)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Populære innlegg