tirsdag 18. desember 2012

Travelt, hektisk og i overkant spennande desember!!

En høst som kom og gjekk, i full fart!  Her et lite glimt fra mitt vesle salgsbord under julemessa ... ikkje alt som forsvant men litt salg blei det - så eg er fornøgd eg :o)    Det var skikkelig kaldt heile den veka som messa var åpen, kanskje det var derfor salget av deilige sokkar og vottar var "tingen" i år  ;o) 

Og foruten julemesse og forberedelsar til den så har eg brukt lang tid på å flytte på sy-rommet mitt !  Eg har no fått adskillig større og bedre plass på loftet ;o)   Blandt anna kjøpte eg ei benkeplate som er blitt maskinbord,  bordbeina er kjøpt via lager og er heldigvis av typen heve/senke! Tenker at på litt sikt skal eg få mannen i mitt liv til å lage ei slik smart hylle under, slik at maskina kjem i plan med bordflata 

Noko stoff ..

Her er skjærebordet mitt, kontorsjefens avlagte kjøkken-bord har fått ei ny oppgave og ett lenger liv og slipper unna bålet..(og noken eg kjenner må snart ta ansvar og rydde litt, her og, jadda eg veit!!  )
Radio må en også ha - eg er veldig glad i litt selskap og musikk til arbeidet ;o)

Og her er dokke-Lise.  Ho sat så fint på ett av salgsbordene på julemessa og sa "her er eg" når eg gjekk forbi...ho berre måtte få bli med meg. Eg veit heilt garantert at eg ikkje kjem til å sette igang å strikke dokke sjøl...også har eg nokre små venner på besøk innimellom , som set stor pris på slike.   Ho sit og ventar i glas-karmen ;o)

Og når sy-rommet er på flytte fot og ting tar tid så må , iallefall eg , finne på andre ting. Og når yngstejenta kjem med et stort ønske om Marius genser, fordi alle andre har og det ellers tar seg fint ut i skibakken (hennes ord.. hehe) ja, så blir det en slik.  De var faktisk tom for mørkeblå alpakka då me var på butikken, derfor vart fargevalget lilla med litt grått på toppen..om ikkje så lenge ;o)

Denne har eg faktisk strikka for andre gong..   Eg klarte å rive den opp og det ergra meg slik at eg valgte å rekke opp alt garnet og begynte å nytt....det var jo for dumt å kaste den når garnet var like godt, egentlig, og det er jo kjekt å kunne bruke genseren! - den er jo relativt lett og kjapp og strikke også ;o)   Når ønsket om Marius kom, så vart denne lagt tilside ...men skal nok bli ferdig til jul denne og' ... hehe  :o)

MEN DET STØRSTE AV ALT!!

Og det aller mest spennande i desember ,skjedde på sjølvaste Lucia - kvelden.... Då vart eg stolt mormor til ei bitte lita prinsesse!!       
Mor fekk desverre svangerskapsforgiftning og babyen blei forløst med keisersnitt, 2 mnd for tidlig. Alt ser heldigvis ut til å gå heilt fint med begge to, det er me uendelig takknemlige for.
Og det gjer jo også til at eg ser for meg mange hyggelige stunder ved symaskina etter nyttår ...for ei slik lita treng jo både pynte tepper til vogna og etterkvart krabbe teppe til golvet ..og og ... Gler meg ;o)
Skrytebilde får heller komme seinere :o)
 

Eg har ikkje vore så aktiv på blogg-sida i høst, men eg var innom Hanne si side og meldte meg på hennes give away - og jammen var eg så heldig å vinne og! Tusen, tusen Takk Hanne, det var en hyggelig og fin gevinst å få no i førjulstida ;o)

Er de ikkje enige kanskje... hehe  ;o)   Dette er eitt av bildene på stoff-panelet eg fekk frå Hanne. Trur kanskje dette passer godt utenpå ei quilte-veske etterkvart ;o)

Tida går, det er berre eitt lys att...  Eg håpar du har ei fin og rolig tid og riktig kosar deg med advent og forberedelsar

Foresten, er det nokon som veit kvifor blogger er dansk?




 

torsdag 8. november 2012

Hjerteputer

Kjenner du den nye gruppa på facebook "oss sydamer imellom" ?   Sida der vi kan diskutere og høyre med andre kva dei ville prissatt ett produkt til.. Det er ikkje alltid like lett å vite kva som er "rett" pris på det vi skal selge
men også rom for å dele tips, gi råd, spørre, ja; rett og slett dele det man måtte ha på hjertet når det gjelder sying ;o)  

lørdag 3. november 2012

En anbefaling ;o)

Ta deg tid til å besøke Ingunn si side - Ho inviterar til en give away med fine premiar men først og fremst vil eg anbefale deg en rundtur på bloggen hennes og legg deg gjerne til som følger også - det er ei flink og inspirerande dame ;o)   Det var ho som først viste meg den store fine blogg verda og inspirerte meg til sjølv å starte mi side!
- trekking 1.desember

Tilbake!!

Allerede er det leeeenge sida vestlandstreffet!  Tida går så fort når en er opptatt på ulike hold! Her kjem litt av det eg fekk være med på på årets kurs. Eg syntest det var enklast å sy "steinar"  men på bilde under ser du at eg prøvde meg på noko som skulle være en form for løkker også  :o)


Helle :  En super lærar og mentor, full av inspirasjon og glede ;o)    Det er ikkje alltid at eg får gjort så mykje når eg deltar på desse vestlandstreffa/kursa men det er noko magisk med ei slik helg  -  eg må ha med meg opptil fleire butikk rundar og også besøke dei andre kursa. Det gir verkelig energi-påfyll til gå imøte med ein kald og mørk vinter!! 

Hugsar de ? Anna frå øigarden og bunadspolitiet... ;o) Tusen takk til Voss Quiltelag for ei flott helg og eit supert revy innslag !!!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Populære innlegg