søndag 3. juni 2012

Våres tante Liv

har nettopp feira sin 66 års bursdag - og "en fuggel har hviska meg i øyra" at ei slik veske hadde ho lyst på!
Så då var det berre å gå igang  og no er den ferdig, klar til å sendes som etterpå-overraskelse ;O)  

  Stas når de ønsker seg noko en kan lage sjøl ;O)
 Begynner å få "teken" på desse veskene no så kanskje det blir fleire etterkvart!!
- ønsker alle ei flott veke!

mandag 28. mai 2012

litt tur-muligheter i min nærhet

Det har vorte lite handarbeide den siste tida - med så nydelig vær og god varme har me heller vore på tur. Her er ett bilde frå husedalen og fossane en kan sjå på turen oppover. Me gjekk langs røyrgata og den opprinnelige stien oppover denne gongen. Mykje vatn gjorde at det vart litt hopp og sprell men me kom oss over og opp uten å bli for våte

Her er me komen til topps og ser utover og nedover mot fjorden igjen- like borti der begynner fossen ... nydelig utsikt!  Bildene vart litt mørke, dei er tatt berre med mobil kamera og sola laga litt skygge så dei er ikkje heilt rettferdige mot den flotte naturen! Heimatt gjekk me nedover traktorvegen - det er ikkje like spennande .. ;o)


I pinsen har me vore en liten tur innom denne idyllen - heller ikkje her et bra bilde, det er tatt med tanke på å lage trapp nedover til verandaen de skimtar i front der men tok det med likevel ;o) 

Ellers har eg "avslutta" pinse-helga med overraskelseskonserten til Hardanger musikk fest, ett arrangement eg verkelig kan anbefale om du ikkje har andre planar for 17 mai helga til neste år!! 

- ønsker alle ei trivelig veke (no skal eg sy litt igjen;o) )

fredag 18. mai 2012

Ferdig strikka ;o)

I mange år har eg unngått strikkepinner - eg får så lett seneverk... men så "måtte eg jo ha med meg noko å gjere på " når me skulle på tur og då falt valget på tjukke pinnar og ett enkelt mønster med raglan felling. Det er min første genser med slik felling men det blir ikkje den siste...  - det var jo så lettvint!   Denne er strikka i pt sumatra og plum, bomull og sytråd-tynn ulltråd - i Norge er det jo greit at også sommergenseren har innslag av ull  ...eller  ;o)
Det var ikkje så lett å få til bilder av meg sjøl i ny genser men så fekk eg yngste datter til å være modell!

Eg vart veldig fornøgd med å få til denne kanten - det "gjorde" seg syntes eg
No har genseren vore en tur i vaskemaskina - på kaldvask - og det gjekk også bra -  så no er eg nesten klar for ett nytt strikke prosjekt ;o)
- ønsker velkommen til nye følgere og ellers alle som er innom;
Ei riktig flott helg!!

torsdag 17. mai 2012

- ønsker ALLE en strålende flott 17 mai - hipp hipp HURRA!!!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Populære innlegg