søndag 14. april 2013

To helger på rad ..

...har eg vore invitert til å sy sammen med veldig trivelige jenter!  For å komme seg litt fri frå kvardag og krav så samlast ein gjeng jenter for å sy ei heil helg , i Kinsarvik - dette begynte dei med for omtrent 5 år sida og kvart år er eg så heldig å bli invitert med  ;o)     .. og her er Ingunn i sving med si "klara veske"


Her ei oversikt over første helg's produksjon -  sjøl fekk eg låne og prøve curver linjalen og linjalen var super men vart ikkje heilt fornøgd med løparen lell '.. men egen linjal er planlagt innkjøpt!... Likte veldig godt dei fargerike og vårlige bildene som heng på sofaryggen, her brukte dei garn som er lagt "tilfeldig" og litt tyll over og deretter frihåndsquilting og vips ett flott bilde  ;o)

Og her er halvdelen av den andre tutto banden ;o)  For jammen meg så vart det slik i år at dei kom kvar si helg.....   

Her ser du begynnelsen på Mona sin duk i advent fargar, ein sommarløpar og ein sjølkomponert liten løpar til bursdagpresang,  til ei som er glad i lilla.

Her er ein weekend bag, sydd etter Julie Kvamme sitt mønster i Quiltemagasinet 3/2012
Denne vart akkurat passe stor !! Det er søster mi som har sydd...eg trur eg skal prøve å få sydd ein liknande  ..om litt...hehe.    (fryktelig dårlig fargegjengivelse ettersom den er heilt svart ...)  

 

Og til slutt må eg vise dette knallsøte vognteppet, Baby lykke av Runa M ! Eit til vart sydd, i blått, og det er  minst like skjønt :o) Eit ukjent mønster for meg men ikkje heilt nytt så det er sikkert mange som både kjenner det att og som har sydd ett maken ;o)


Sjøl har eg putla på med Bente Malm si "Jenny"  ..    eg har bestilt meg en skinn hank til denne og må nok vente til ut i neste veke før den kjem ...men eg har god tid eg, så det går bra  ;o) 

Og ellers så har eg litt håndsøm som eg tek fram litt av og til :o)  
 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Populære innlegg