søndag 15. juli 2012

Eg må berre vise ;

Vi har hatt så trivelig besøk!  
Eg syntes det var så kjekt når C kom og insisterte på å lære seg å sy - er ikkje beina lange nok så må man benytte andre metoder ;o)   Søt vri - ikkje sant ;o)


I passelig tempo så satt ho rett lenge og kosa seg med sømmen! Ho er sju år og veldig opptatt ;o) Kanskje det blir henne som har lyst å arve alle mine mønster og tøybiter når den tid kjem? 
  Her har ho kledd seg en kjole eg sydde til mamman hennes til første skuledagen...


Full konsentrasjon - syr sløyfer på kanten heile veien rundt - og til slutt blei det ei lita brikke mamma kan legge høreapparatet på 
" ..og at det er en nyttig ting kan ingen komme fra.." 

Eg vant !!!

Edny sin give away - og her ser dere den er trygt framkommet  ;o)   Ett hygglig bilde med ei fin hylle over, denne ser eg for meg at kan pynte opp i vår "hagestove" ..når den blir ferdig ;o)  

Detaljrikt! 3D !   Når eg var lita seiest det at eg vart veldig glad i koko-klokka de hadde i ett hus vi besøkte;  no har eg ett bilde som kan minne meg om det - Tusen takk  Edny ;  gå innom  sjå kor fine kort ho lagar også !!  

søndag 1. juli 2012

Sånn kan det gå...

Når sommaren byr på sånn flott sy-vær ;  2 store og 2 små 
- 2 ferdige og 2 som venter på bøyle/veskelås.
Denne veka var eg forbi "Seimen" på voss - butikken til Åse og Rigmor. Dei har alltid så fine modellar!  Eg skulle egentlig inn for å sjå etter noko anna men kom ut med brun lin og forstoff og en ide om ei lita veske...
Kanskje eg finn det eg egentlig skulle ha neste gong eg er innom ;O))

Eg viser først den minste - mønsteret er sjølsagt Bente malm sitt;  Dette stoffet kjøpte eg faktisk for ei heil tid tilbake men no er den ferdig med montert lås. Eg syns og det er hyggelig å sy på ett slikt pyntemerke med teksten handmade - frå Panduro

En liten kikk på innerstoffet ..   eg falt sånn i staver då eg kom over dette...;O) 

En velkjent veskelås. Eg må bekjenne at det er ikkje det kjekkaste arbeidet eg gjer å montere desse ..mykje pirk og to nåler seinare så er de iallefall sydd fast..

Og her er veska som eg ikkje klarte gå forbi!! Det er en forstørra versjon av den mindre - oppe i første bildet ; no er den omtrent så stor som ei bunadsveske. Akkurat passelig til litt småtterier en ikkje klarar seg uten ;O) 
Det må bli en tur på butikken etter messing/swivel-kroker for å feste ei passelig lang reim så den ligg fint "på hofta" 
  Ei veske til meg og ett par tre til salgs-korga ;O)
- ønsker alle ei fabelaktig veke !!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Populære innlegg